Smakebitar frå nordiske termbasar

No image

Vetenskapstermbanken i Finland

Vetenskapstermbanken i Finland (The Helsinki Term Bank for the Arts and Sciences) er ein termbase for høgare utdanning driven av Helsingfors universitet. Basen omfattar meir enn 45 fagområde, og han inneheld meir enn 44 000 termpostar og meir enn 300 000 termar. I dei fleste tilfella er definisjonane finske, men termar innanfor statsvitskap og språkvitskap har svenske definisjonar. Innhaldet i basen dekkjer om lag ein tredjedel av fagområda i universitets- og høgskulesektoren i Finland.

Blant dei statsvitskaplege termane finn vi mellom anna inrikes utrikespolitik (‘utrikespolitisk ståndpunkt avsedd för opinionen’) og klämdagar (‘arbetsdagar mellan två helger som tas ut i ledig tid’).

Termpostane inneheld i varierande grad omsetjingar til andre språk, og stikkprøver Termposten har teke, tyder på at finsk, svensk og engelsk er dei best representerte språka.

Terminologiarbeid utført av ekspertgrupper

Terminologien i Vetenskapstermbanken blir utarbeidd og oppdatert av ekspertgrupper innanfor dei ulike faga. Medlemstalet i desse gruppene varierer frå om lag 5 til over 200. Samstundes ønskjer utviklarane av basen at folk utanfor ekspertgruppene skal kunne medverke i arbeidet. I nettløysinga til termbanken har derfor brukarar høve til å kommentere og diskutere innhald i basen.

Termpostane i Vetenskapstermbanken har felt for mange typar informasjon om omgrepa og termane. Mellom anna er det eigne felt for grammatisk informasjon og dessutan eit felt med lenkjer til relaterte omgrep og opplysingar om kva slag relasjonar det er snakk om.

Vetenskapstermbanken vart oppretta i 2012 med midlar frå Finlands akademi, eit statleg organ for forskingsfinansiering. Føremålet med å opprette termbasen var både å styrkje det finske språket i høgare utdanning og forsking og å gje folk utanfor akademia enklare tilgang på forskingsbasert kunnskap.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.12.2021 | Oppdatert:16.12.2021